Utstillere 2026
Rein frå Jotunheimen
Vi kjem først og fremst for å møte folk og fortelje kva Rein frå Jotunheimen er. Dette handlar om levande tradisjon, fjellbeite i verdsklasse og fleire hundre år med kunnskap om å ta vare på reinsarven og naturen for dei som kjem etter oss.
Reinslaga Fram, Filefjell, Vågå og Lom har samla seg for å føre arven vidare. Reinen beitar fritt i storslått høgfjellsnatur, og kjøtet får ein særprega og rein smak av fjellet. Kvaliteten er stadfesta gjennom utmerkinga Beskyttet geografisk betegnelse.
Vi har kanskje med litt tørka reinskjøt og ei bok, men viktigast er historia, kunnskapen og smaken av Jotunheimen. Velkomen innom for ein prat.