Norsk Rakfiskfestival - Fagernes 4. - 6. november 2010
HjemWangensten
Produksjon av rakfisk har århundrelange tradisjonar på garden Færden i Røn. Wangensten-familien dreiv fiske i fleire vatn, inklusive Vasetvatnet og Slidrefjorden. Det var ein naturlig del av innhaustinga på garden. Sal av rakfisk starta allereie på slutten av 1800-talet. I 1974 vart den første noten med oppdrettsfisk sett ut. Denne fisken vart raket og foredla på garden. Etter kvart som mengda auka, vart det behov for meir plass.
I 1992 flytta bedrifta frå garden til dei tidlegare lokalane til
Nord-Aurdal meieri
på Leira. Her har bedrifta spesalisert seg på foredling av rakfisk,
og leverar no fisk til
alle dei største daglegvarekjedene i Noreg; ICA, Coop,
Norgesgruppen og Rema 1000.
Kom gjerne innom, eller møt oss på ein av våre standar under
festivalen. Vann blant
anna fagjuryprisen '04 og '05, og folkeprisen '02 og '03.