Norsk Rakfiskfestival - Fagernes 4. - 6. november 2010

Haadem Fisk

Telefon: 61362199
E-post: bestilling@haademfisk.no
Internett: www.haademfisk.no

Fasleelva har frå gamalt av vore kjend for eit særs godt fiske og hadde stor betydning for livsgrunnlaget for dei som budde på garden Haadem, der nedlegging av rakfisk har lange tradisjonar.  Haadem Fisk har i dag eit moderne produksjonsanlegg som ligg idyllisk til ved Faslefossen på vestsida av Leira.
Eigaren av bedrifta, Henrik Haadem, har sett si ære i å levere førsteklasses rakfisk,
gjennom særs strenge produksjonskrav.  Haadem Fisk har i mange år hatt eige
klekkeri og settefiskanlegg, og tek derfor hand om heile prosessen fra utklekking av
yngel, fram til ferdig modna rakfisk.
Bedrifta kunne i 2007 feire sine 40 år som produsent av rakfisk, og har fått mange
prisar, blant anna Fagjuryprisen fleire gonger.  Haadem Fisk vart tildelt prisen
"Årets rakfisk" i den aller første konkurransen mellom rakfiskprodusentane i
Valdres i 1990. Under Rakfiskfestivalen i 2002 vann Haadem Fisk også den første
Vandrepokalen for beste rakfisk til odel og eige, etter å ha sikra sigeren tre gonger.
Bedrifta har også sikra eit napp i den neste Vandrepokalen.
Haadem Fisk leverer rakfisk i spann på 4 og 13 kg, og dessutan vakumpakka som Heil, Flådd og Filet. Fisken blir seld i fleire daglegvareforretningar i Østlandsområdet,
eller du kan bestille rakfisk direkte frå lageret vårt på Leira etter nærmare avtale.