Hovedside / Nyheter / Ysting ute (eller Ute-ysting)

Ysting ute

Gudheim.jpg

Ystebok-forfattar Helge Gudheim gjer laurdagen under Norsk Rakfiskfestival eit yste- og kinne-stunt i Jernbanevegen på Fagernes. Han seier han aldri har sett nokon stå ute på festivalar og yste på gamlemåten, så difor har han lyst til å prøve det. Og no under Norsk rakfiskfestival blir ideen realisert; for fyrste gong tek han med seg ringomnen (på hjul) på festival, og står ute og gjennomfører ei ysting av ein kvitost, og deretter innkoking av mysa til brunost.

Til festivalen på laurdag tek han difor med seg ringom, jerngryte, mjølk og løype og fyrer opp med ved i omnen ute i gata. Dermed skal det like etter opninga kl. 10 bli løypesett og teke ut ein kvitost. Deretter vil det bli fyra skikkeleg opp under gryta, slik at mysa kjem i kok. Så skal det forhåpentlegvis bli brunost utpå ettermiddagen ein gong. Publikum kan få vera med og røre i gryta utove dagen og kjenne lukta og smaken av nykokt brunost.

Til standen sin tek han også med seg ei standkinne og fløyte syrna til rumme i ein gamal, lagga rummeambar. Dermed kan folk også få vera med og kinne til det blir smør av rummen. Kinninga vil foregå midt på dagen, etter at  mysegryta har kome skikkeleg i kok.

Så har du lyst til å få eit lite innblikk i korleis kvitost, brunost og smør vart laga på tradisjonelt vis i tidlegare tider her i Valdres, så stikk innom eit kvitt partytelt ute i Jernbanevegen mellom Fagerlund og Nordea i løpet av laurdagen. Gudheim har sjølvsagt også med seg ysteboka si, så du kan både få prate med forfattaren og kjøpe ei signert bok.